Ingen rentetrøyst i sikte for dei med høg gjeld
Ingen rentetrøyst i sikte
KOMMENTAR: Rentehevinga frå Noregs Bank er ikkje så overraskande. Og lite tyder på at renta skal ned på ei god stund.
Økonomane har vore uvanleg splitta i forkant av Norges Banks rentemøte denne veka. Det har vore gode argument både for å heva styringsrenta og for å la henne bli liggjande på 4,25 prosent.
Då sentralbanksjef Ida Wolden Bache torsdag annonserte eit rentehopp til 4,5 prosent, kom det likevel ikkje som noko stor overrasking. Noregs Bank signalisert i juni at det sannsynlegvis ville bli nødvendig å heva renta ein gong til i løpet av året. Spørsmålet var om det skulle skje på septembermøtet eller seinare.
Sjølv........
