«I dag heisar eg flagget med ekstra takksemd»
Lesarbrev: Kjære alle saman!
Gratulerer med dagen!
…til deg som stod opp før 17. mai-salutten for å gjere deg klar til å spele med korpset …til deg som allereie har nytt ein god og lang 17. mai-frukost …til deg som starta dagen på ein fjelltopp …til deg som plutseleg kom på at du hadde gløymd å stryke bunadsskjorta …til deg som ikkje rakk å pusse bunadssølvet …og til alle dykk andre!
Det gjer ikkje noko om skjorta ikkje er heilt fri for rynker, om sølvet ikkje er nypussa, eller om det alt har kome grønske på buksa til ungane.
For det viktigaste er at vi i dag, saman, kan feire fellesskapet, fridomen, nasjonaldagen og grunnlova vår.
Vi er heldige som bur i Norge og i Alver.
Vi er heldige som kan........
© Strilen
