«Emunah er ei lita jente med behov for tryggleik. No veit ingen om det blir slik»
Skulenedlegginga i Alver kommune – eit personleg lesarinnlegg
Ragnhild Vesteraas beskriv kva som skjer når eit budsjettvedtak møter verkelegheita.
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: I kommunestyresalen handlar debatten om skulenedleggingar om tal: Budsjett, innsparingar, struktur og prognosar. Men ute i heimane handlar det om menneske – om barn, om familiar, om liv som blir levde. Det må vi snakka meir om.
I desse dagar vurderer Alver kommune å leggja ned fleire grendeskular. På eit rekneark kan det sjå ut som eit rasjonelt vedtak: Nokre kolonnar blir grøne, nokre tal blir mindre raude. Men kva skjer når politikken møter verkelegheita?
Til hausten skal ei seks år gammal jente med Downs syndrom, som eg er stolt tante til, byrja på skulen. Ho har snakka om det i månadar. Ho veit kva skulen heiter, ho har vore på besøk, ho har sett klasserommet sitt. Ho har kjent på den barnlege forventninga som berre ein seksåring kan kjenna når noko stort og spanande nærmar seg.
For dei fleste av oss er den første skuledagen eit minne som varer livet ut. For henne skulle den dagen byrja på Sæbø skule.
Der skulle ho finna tryggleiken ho treng i kvardagen, med tilrettelagd undervisning, tett oppfølging og kort veg heim. Der........
