Sentimentalitet! Meir sentimentalitet!
Hold your horses! Nokon som verken er Taylor Swift eller KPop Demon Hunters har gått forbi Tobias Sten og «Hver gang vi møtes» på topplista. Namnet er Amanda Delara, og låten som ligg øvst, heiter «Sjelen». Kva har vi her med å gjere? Jo: Ein streit kasseklimpresong med nedpå «hmmmm»-koring og ein rimeleg banal tekst om å velje livet framfor penga.
