menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Fotball-VM? Eg gler meg mest til det er over

23 0
11.06.2026

Fotball-VM? Eg les heller ei bok

KOMMENTAR: Alle er ikkje interesserte i fotball. Eg gler meg mest til fotball-VM er over.

Denne veka brakar det visstnok laus. Etter veker og månader med tørrjokking og tomt prat om vêret, laguttak, drakter, kampprogram og nattskjenking bles dommaren endeleg i fløyta. Frå torsdag av er unge millionærar frå 48 nasjonar endeleg i gang med å spela fotball mot kvarandre i ei turnering borte i Amerika.

Eg har vore med på fotballturnering sjølv, så eg veit kor kjekt det er. Eg skjønnar godt at spelarane gler seg. Eg var lat midtbane på Brynes Knottar 1-lag på Donn-turneringa i Kristiansand i 1979. Me vann heile greia. Eg skåra fotballkarrierens einaste og viktigaste mål. Det var eit reint flaksemål då eg drylte ballen høgt og langt framover i semifinalen mot IK Våg (der spelarane var enorme og såg ut som dei var to år eldre enn oss). Ballen dabba over keeperen og i nettet.

Eg var så stolt og glad at eg seinare skreiv stil om det på ungdomsskulen under tittelen «Den opplevinga gløymer eg aldri».

Nå står heile Norge på hovudet. I alle fall ifølgje journalistar og kommentatorar som er ivrige på ein måte som minner meg mest om tiåringar på Knottar 1. For nå er det jo 28 år sidan sist Norge var i VM. Og nå er det jo ein annan kar frå Bryne som er med i turneringa i........

© Aftenbladet