menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Grenselaus fridom til å nyte rusmiddel betyr også ufridom

8 0
20.08.2025

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei fleste politiske partia er samde om at det norske helsevesenet heng etter eller er på etterskot når det gjeld å hjelpe og behandle personar med rus- og psykiske problem.

Har auka vesentleg

Det er kanskje ikkje så merkeleg, ettersom forbruket av alkohol har auka frå ca. tre liter reine alkohol pr person over 15 år i 1950, til ca. fem liter pr person i 2000, og til rundt sju liter på 2020-talet. Samtidig har nye rusmiddel kome til og auka vesentleg dei siste åra, spesielt cannabis, men også andre og sterkare narkotika.

Ein skal elles ikkje lese mykje i lokalaviser rundt om i landet, t.d. i Møre og Romsdal, før ein ser det stadig sterkare politiske frisleppet av alkohol og utviding av skjenkeareala til alle slags arrangement, langt utanfor dei restaurantar og skjenkestadar som har sals- og skjenkeløyve.

Det gjeld til dømes fjordhesttreff, kornølfestival og sommarstemne – og samtidig meir eller mindre heilhjarta forsøk på avgrensingar overfor barn og ungdom........

© Tidens Krav