– Korleis går det, Strilen? Litt lite «likes» og «klikk» i det siste?
Når alt bygger på ei misforståing - skapt av Strilen
Korleis går det, Strilen? Sånn eigentleg? Litt lite «likes» og «klikk» i det siste? Litt dårlege statistikkar for januar? skriv Lene H. Kvamsdal i dette innlegget.
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Eg kan forstå at ein av og til må grave djupt for å finne gode saker til avisa. Kanskje vinkle dei litt i grenseland og for at det skal bli klikk og god statistikk. Men å ta ting heilt ut av kontekst for å få ei sak kan vel kanskje kallast unødvendig, til og med uforsvarleg.
Når Masfjorden kommune no arbeider med ny samfunnsplan, er eg glad for at dei slår fast at vedtak på alle område skal bygge på kunnskap. Slike saker kan vere alt frå skulestruktur, utvikling av nytt næringsareal og vindkraft i kommunen.
Overskrifta Strilen vel å bruke, heng verken saman med resten av artikkelen eller verkelegheita.
Sjølve overskrifta får lesaren til å tru at Masfjorden kommune no opnar for ny runde vindkraftutgreiing. Setninga om å basere vedtak på kunnskap er lagt fram som at vindkraftmotstandarar manglar kunnskap.
Det er her Strilen tek sitt val. Det er her Strilen vel å lage ei overskrift eg meiner er misvisande og som dei veit vil skape full oppstandelse. Avisa får tilbakemelding av ordførar på overskrifta allereie ein time etter publisering, men vel å la den stå.
Om ein les saka, kan ein sjå at overskrifta er misvisande. Har du ikkje abonnement på Strilen, eller ikkje tek deg tid til å lese saka er det lett å dra konklusjonar som blir feil, veldig feil.
At Strilen vel ein sånn strategi for å få merksemd, og det å bruke ei så misvisande overskrift på ei så betent sak, synes eg er uprofesjonelt. Her vil dei lage konflikt.
For kva er eigentleg saka? At Masfjorden kommune vil at avgjersler, knytt mot alle områder i samfunnsplanen, skal bygge på kunnskap… Det høyrest ikkje veldig avskrekkande og feil ut for meg.
Totalt inhabil klem frå ordførarfrua, Lene Hansen Kvamsdal
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
