Dorotheus av Gazas råd til karrierefolk
August er her, og dei fleste av oss er for lengst inne i den gode kvardagsrytmen att – i klasserom, kontor eller heime. Men framleis er det kort veg i minnet til lange dagar med sol, fritid og familie.
Og medan ein sit med ei keisam oppgåve – om det så er ein rapport ein må skriva eller ein oppvask som må takast – kan spørsmålet melda seg: var det no eigentleg dette eg ville bruka livet mitt på? Var det dette eg drøymde om?
Når slike spørsmål melder seg brukar eg å tenkja på eit råd frå dei gamle ørkenfedrane, frå Dorotheus av Gaza (500-talet). I den ortodokse kyrkja der eg er medlem, minnest me han no i august. Abbeden ved Seridus-klosteret i Gaza har ei merkverdig evne til å tala til menneske på tvers av mange hundreår.
I ein tale han heldt for munkane ved klosteret snakka han om at dei må skilja mellom sjølve jobben og med kva sinnelag han blir utført med. Han reknar på det på ein nesten matematisk måte:
«Sjølve oppgåva du utfører utgjer berre éin åttedel av heilskapen. Dei sju åttedelar som står att, er korleis du tek vare på hjartet ditt medan du gjer det.»
Me lever i eit........
© Dagen
