Fridom er å få vera seg sjølv
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eg sat ein kveld å høyrde på You Tube og så dukka «Sång till friheten» av Bjørn Afzelius. Då kom eg til å tenkja på kor mykje det betyr å vera verdifull for nokon. Å ha ein ven. Å kjenna at ein høyrer til. Og på kor vondt det må vera å gå gjennom dagane og tvila på nettopp det.
For kva er fridom for eit barn som gruar seg til friminuttet? For ein ungdom som kjenner uro kvar gong telefonen lyser? For ein vaksen som sit i bilen utanfor arbeidsplassen og må samla mot før han går inn?
Fridom er også å kunna gå inn ei dør og vita at du er velkomen. Å få snakka utan å frykta latteren. Å få vera den du er, utan å måtta forsvara plassen din blant........
