menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Når er det Pørni, og når er det politi? Og når skal dei få nok tid?

30 0
23.06.2025

KOMMENTAR: I fjor fengsla vi 78 barn i Norge. 55 av desse hamna i vaksenfengsel. Det skal ikkje skje.

Solveig G. SandelsonKommentator

Vi skal beskytta barn. For eksempel frå å bli utsett for vald og kriminalitet. Det går det vel så som så med for tida. Vi skal også beskytta barn som begår kriminalitet. Dei er også barn. Det går det verkeleg minst like mykje så som så med. Dette skriv Riksrevisjonen om, i ein ny og nokså nedslåande rapport om oppfølging av ungdomskriminalitet.

For i hovudregelen skal ikkje barn bli fengsla. Det seier FNs barnekonvensjon, og det seier også norsk rettspraksis. Barn er ikkje ferdig utvikla, verken fysisk eller mentalt. Ein skal finna andre reaksjonsformer. Og i dei sjeldne tilfella der barn blir fengsla, når handlingane er svært alvorlege eller svært mange, skal dei haldast vekke frå vaksne innsette. I tillegg skal dei bli følgt opp. Bli passa på. Barns beste gjeld, også for barn som har begått kriminalitet.

Men nå har vi berre to ungdomsfengsel i Norge. Til saman har dei 10 plassar. Dei er under press, for kriminaliteten aukar blant barn under 18 år, også alvorleg kriminalitet. Barnevernet har heller ikkje fått nok institusjonsplassar til denne gruppa.

Ikkje er vi så gode på førebygging heller. Politiet, som også skal drive førebygging, seier dei har mindre tid til det enn før. Mindre tid til å vere der unge er, der sårbare unge er, der politiet kan bygge tillit og relasjonar, før noko skjer. Dei klarer ikkje det lenger. Fordi trusselbildet i landet er skrudd opp. Fordi barn og........

© Aftenbladet