Omsynet til pasientane må telje mest
Helse Vest må ikkje leggja pasientryggleiken i potten
DEBATT: Eg fryktar at Helse Vest let omsynet til pasientane vike dersom dei sentraliserer den kirurgiske behandlinga av eggstokkreft til Bergen.
Marit Halonen ChristiansenAvdelingssjef og overlege ved Kvinneklinikken, Stavanger universitetssjukehus
I 2024 kollapsa det gynekologiske kreftmiljøet på Haukeland, og SUS tok i ein periode over ansvaret regionalt for å rådgje dei andre sjukehusa om behandling av pasientar. I etterkant bestilte Helse Vest ein rapport for å sjå korleis ein bør gjere det vidare. Rapporten tilrår å samle all kirurgi for gynekologisk kreft i Bergen – rett nok med mange atterhald om korleis miljøet i Bergen må styrkast for at dette skal gå.
Ansvaret for pasientane
Helse Vest sette deretter ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å foreslå tiltak for å styrke kvaliteten av behandling for gynekologisk kreft i regionen. Rapporten derfrå........
