menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Kven skal få skriva lesarbrev med KI?

20 0
31.10.2026

Kven skal få skriva lesarbrev med KI?

KOMMENTAR: Folk har skrive kjedeleg til alle tider, men no har ein i tillegg fått kunstig intelligens til å skrive kjedeleg for seg. Er det noko problem?

Heidi Hjorteland WigestrandJournalist

Det som tok ein politisk rådgivar fleire timars skriving, fiksar KI på nokre få sekund. KI har gitt oss alle ein som kan hjelpa oss å skriva kjedeleg, om me ikkje alt kunne kunsten frå før.

KI-skamma er i ferd med å ta oss. Plakatar og tekstar skapte av maskinar blir kasta under bussen. Illustrasjonane og tekstane me var så imponerte over for kort tid sidan, har avslørt sitt sanne eg. Dei er sjellaust KI-skvip.

Dei fleste brukar truleg KI til å skriva tekst, fordi dei er travle og kanskje litt late.

Underteikna har ansvar for å ta imot lesarbrev, kronikkar og kommentarar som lek og lærd sender inn til Aftenbladet. Også i tilsendt meiningsstoff begynner KI å setja spor etter seg. Mange KI-tekstar er nok alt publiserte utan at det har blitt oppdaga. Men no har me verktøy som kan sjekka tekstane for oss, ikkje for å vera politi, men for å få eit innblikk i kor utbreidd KI-bruken er, og litt også som ei pedagogisk øving. Me har også begynt å be innsendarane om å oppgi kor mykje KI dei har brukt og kva dei har brukt det til.

Ein må også hugse at KI-detektorar tek feil. Eit lesarbrev frå SMB Norge som fekk raude flag i testen, er........

© Aftenbladet