Røyst SV for kulturen
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kultur er ikkje til pynt. Det er ein viktig del av liva våre og av demokratiet vårt. Vi treng eit rikt kulturliv tilgjengeleg for flest mogleg i både bygd og by.
Møre og Romsdal ligg allereie dårleg an på kulturstatistikkane. Vi har få kulturarbeidsplassar, få og dårleg finansierte kulturinstitusjonar, og dei vidaregåande skulane har ikkje ein gong råd til bussbillettar slik at elevane får vitja musea våre.
Berre forsmaken
I fylkeskommunen har fleirtalet med H, FrP, KrF og V nedprioritert kulturfeltet og gjennomført smålege kutt som å leggje ned den kulturelle spaserstokken og minimere støtta til utøvande kunstnarar og musikarar. Det råkar både unge og eldre, frivilligheita og profesjonelle kunstnarar.
Høgresida sine kulturkutt i fylket er diverre berre forsmaken på kva som ventar med ei FrP-leia regjering. FrP går til val på å kutte så godt som heile det offentlege kulturbudsjettet, inkludert til kyrkje og livssyn. Dei meiner at vi berre treng reine kommersielle kulturtilbod som finansierer seg sjølv. Då ville vi knapt hatt noko kulturtilbod i heile fylket.
Vi treng det motsette. Sist SV sat i regjering, sette vi av 1 prosent av statsbudsjettet til kultur. Det må på plass igjen, for det er ei veldig god investering å styrkje den........
© Tidens Krav
