Ope brev til Klima- og miljøministeren Sigrun Aasland
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Gratulerer med ny jobb! Den er veldig viktig!
Du har no fått ansvar for noko av det finaste og viktigaste vi har her i landet – naturen som er grunnlag for alt som lever. Både vill natur, men også den naturen som er forvalta av menneske for å produsere maten vi alle lever av.
Tilført verdi, ikkje øydelagt
I naturen er ordet balanse viktig. Opp gjennom millionar av år har tusenvis av artar levd og utvikla seg i finstilte økosystem der nettopp balanse mellom rovvilt, byttedyr, planter, parasittar, bakteriar, jordsmonn og vatn spelar sine unike roller. Sidan menneska kom til har samspelet utvikla seg til også å inkludere seterdrift, husdyr, jakt og fiske. Dette har tilført verdi, ikkje øydelagt naturen.
Eg kjem frå Fjord kommune, ein av dei største i areal i landet, men også med lavast folketettheit. Vi er ein av kommunane med størst andel verna natur. Heile 50,5 prosent av kommunen sitt areal er verna etter Naturmangfaldlova og det er vi som bur her glade for og stolte over. I Sunndal kommune er 67 prosent av arealet verna.
Dette viser per definisjon at vi har noko av den mest verdifulle naturen i landet. Her har forfedrane våre sett spor og «brukt» naturen på ein måte som har tilført verdi utan å øydelegge. Dette ønsker eg skal vere vårt mål også framover.
Vestnorsk fjordlandskap står på UNESCO si liste over verdens natur- og kulturarv. Landskapet her er so viktig å ta vare på at vi har fått eit ansvar på vegne av heile jordas befolkning. Kulturlandskap........
