menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Politisk teater

29 0
18.09.2026

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I ei rekkje artiklar har Per Helge Pedersen sett søkjelyset på storting og regjering i samband med det norske prisnivået på drivstoff og elektrisk energi. Og verre skal det bli. 

Etter mi vurdering må vi følgje pengestraumen for å kome til rota. Med andre ord, opphavet til forretningsideen bak. Då fører spora attende til EU, EØS og den økonomiske eliten bak WEF (World .Economic Forum).

Først litt historie: EØS-avtalen vart vedteken i Stortinget 16. oktober 1992. Senterpartiet og SV stemte samla i mot saman med enkelte representantar frå AP og Frp. Framlegg om ei rådgivande folkerøysting over ein eventuell EØS-avtale vart nedstemt i 1991. Etter at Sveits i folkerøysting sa nei til EØS vart ein revidert avtaletekst vedteken i Stortinget 29. april 1993. 

Året etter, i 1994, røysta eit fleirtal i Norge nei til fullt medlemskap i unionen. Konklusjonen blir at dei politiske siamesiske tvillingane Arbeidarpartiet og Høgre med støttepartiet FRP har hovudansvaret for EU si makt over Norge i dag.

Denne makta har endra seg steg for steg med åra fram til no. Amerikansk etterretning rekrutterte juristar til EU-domstolen. Då kan vi ane at makteliten trekte i trådane. Dette var juristar med vilje til å utforme lover som ga EU overnasjonal styringsrett. Dermed har det blitt........

© Tidens Krav