Stopp angrepa på sjukehusa våre
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Sjukehustilbodet i Møre og Romsdal er på nytt under angrep. Forslaga om å kutte held fram trass i protestar. Det er ikkje til å forstå at nettopp dei som har ansvaret for å sikre eit godt og likeverdig sjukehustilbod i fylket er dei som står bak angrepa.
Ikkje uventa er det først og fremst tilboda i Kristiansund og Volda som står mest lagleg til for hogg. Dei er minst, og dei er mest pressa frå før.
Det er sjølvsagt mogeleg at direktøren og styret kjempar med nebb og klør mot overmakta i Trøndelag og i Oslo. Men det verkar ikkje slik. Og i alle fall er resultatet magert. Er det verkeleg slik at leiinga i Helse Møre og Romsdal meiner at stadige kutt er til det beste for........
