menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Tre rein i kommunevåpenet

35 0
14.08.2026

Ikkje dei tre som står pent og pynteleg i kommunevåpenet. Dei oppfører seg eksemplarisk. Dei står i ro heile året, et ingen blomar og legg aldri att så mykje som ei lita lort utanfor rådhuset.

Problemet er dei levande reinane.

Og ikkje minst nokre okserein som ser ut til å trivast svært godt nær folk. Fleire av dei er vane med menneske og kan vere tamme eller brukte som køyrein. Då er det kanskje ikkje så merkeleg at dei ikkje får panikk når dei ser ein lakselvværing.

Dei har heller ikkje forstått at Lakselv sentrum er sentrum. Dei ruslar inn utan å melde flytting, et ein blome dei finn interessant og kan til og med finne på å drite på kommunal grunn.

Slikt blir det politikk av. Skal vi gjerde inn Lakselv?

Eg forstår sjølvsagt at folk blir irriterte når reinen et blomar i hagen. Men før vi erklærer unntakstilstand, kan vi kanskje undersøkje om det finst blomar og plantar reinen ikkje er særleg glad i.

Det kan vere billigare enn å gjerde inn heile Lakselv. For kvar skal gjerdet gå?

Banak? Brennelv? Skoganvarre?

Og kor høgt skal det vere?

Vi kan kanskje byggje ein skikkeleg mur rundt sentrum med inngangsport og vakthald:

VELKOMEN TIL LAKSELV – REINSKITFRI SONE

Problemet er at reinen truleg ikkje kan lese. Så må vi kanskje sjå på breiare eller betre ferister på eigna stader? Eller andre praktiske løysingar som faktisk fungerer?

Det kan vere verdt å undersøkje før vi gjer nokre fredsæle okserein til........

© Ságat