menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Tigerstaden lever

7 11
previous day

Eg kom tidleg ein morgon med Sørlandsbanen.
Hadde overnatta hos bror min og kona hans i Bø i Telemark – han lærar, ho helsesyster.
Der er det harmoni og fred. Folk ser kvarandre i augo.

Så tok eg morgontoget til Oslo S.
Turen over Meheia var vakker – sol i skogen, ny jernbanestasjon i Drammen som glitra.
Men då eg steig av toget i Oslo, møtte eg noko heilt anna:
eit land som har gløymt seg sjølv.

Først kom ein kar frå eit framandt land og bad om røyk. Eg tenkte det var greitt.
Deretter kom ein annan, og ville selje meg smuglersigaretter – rett ved Egon.
Eg sa: «Du er kriminell.»
Han buksa opp og trua meg og dei tilsette.
Velkommen til Tigerstaden.

Seinare møtte eg syster mi – vi åt japansk ved Oslo S.
Då eg gjekk ut igjen, låg ei kvinne og gråt på fortauet. Rundt 35 år.
Ein mann hadde vore stygg mot henne, og ho hadde ingen pengar heim til Tønsberg.
Ho fekk 200 kroner. Nok til ein billett – men ikkje til håp.

Dette var mine første timar i Oslo.
Byen som er Noregs stoltheit, men òg ein open diagnose:
høg puls, kald........

© Ságat