Når det blir stille i huset
Om nokre dagar flyttar det yngste barnet mitt ut.
Då er det plutseleg ingen born att i huset.
Det er ei merkeleg kjensle. Huset er det same, men likevel ikkje. Ein byrjar å tenkje over livet og stille seg spørsmål som kanskje alle foreldre ber på.
Har eg vore ein god nok far?
Eg trur dei fleste foreldre spør seg om akkurat dette. Ikkje berre den dagen borna flyttar ut, men gjennom heile livet.
Mi eiga mor er 89 år. Kvar gong eg vitjar henne, kjem det same spørsmålet.
Har eg vore ei god mor?
Eg svarar alltid ja, kjære mor. Det har........
