Kultur er også beredskap
Men midt i alle milliardane til stridsvogner, ubåtar og missil vil eg stille eit enkelt spørsmål:
Kva med språka, kulturane og identitetane som lever langs grensene våre i nord?
Kva med dei som skal bu der, arbeide der – og i verste fall forsvare landet der?
I dag snakkar vi mykje om militær beredskap. Men den viktigaste beredskapen er kanskje den som gjer at folk kjenner at landet er deira.
At dei er likeverdige.
I Troms og Finnmark bur menneske med ulike røter. Nokon er samar. Nokon er kvener. Nokon er norskfinnar.
Nokon har røter frå andre delar av landet. Dei fleste kjenner seg som nordmenn av nasjonalitet, men mange har også ei anna etnisk historie.
Det er ikkje ei utfordring for Noreg.
Historia frå krigen viser dette tydeleg.
Då tyskarane invaderte Noreg i 1940, stod soldatar frå Finnmark og Troms i front. I Alta bataljon fann vi mange samar,........
