menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Foreldre – hold dykk unna

10 0
17.04.2026

Foreldre:Hold dykk unna når ongane driv idrettsleik.

Dette er ikkje dykkar arena.

Dette er ikkje dykkar kamp.

Ikkje gjer sidelinja til ein slagmark der de står med stridsøksa og knivar om kven sitt barn som er best.

Det er ikkje dykkar konkurranse.

Det er ongane sin leik.

Hold dykk vekke når ongane leikar.

Finn dykk ein konkurranse ein annan stad – om de absolutt må vinne noko.

For dette handlar om noko mykje større enn dykkar stoltheit.

Norsk idrett er ei av dei viktigaste rørsler vi har.

Over 11.000 idrettslag og kring 1,8 millionar medlemskap bind oss saman over heile landet.

Det er Noregs største folkebevegelse.

Eg har sjølv arbeidd både sentralt og regionalt i idretten. Eg veit kva dette betyr, særleg i det leikande stadiet.

Her skjer det viktigaste:

Dei finn seg sjølve i møte med andre.

Dei lærer å stå i ein sosial situasjon.

Og dei lærer å vinne.

Men endå viktigare – dei lærer å tape.

Å tape er ikkje farleg.

Det gjer det for oss alle.

Og det å ha kjent på det før, i ein trygg leik og eit trygt fellesskap,kan vere det som gjer at du står den dagen livet verkeleg slår.

Det kan faktisk redde deg.

Men når vaksne blandar seg inn,med rop, blikk, kroppsspråk og forventningar,då tek dei noko frå ongane.

Dei tek frå dei leiken.

Dei tek frå dei gleda.

Dei tek frå dei tryggleiken.

Og dei bryt ned det norsk idrett eigentleg er bygd på:

Så eg seier det igjen:

Foreldre – hold dykk unna.

La ongane få vere i fred i sin eigen leik.

For viss ikkje de klarer det,då er det ikkje ongane som har eit problem.


© Ságat