Demokratiet har aldri kvilepause
Dei siste åra har eg fleire gonger fått inntrykk av at ordføraren i Porsanger opptrer meir som prosjektleiar enn som ordførar. Det er ikkje meint som eit personleg angrep. Tvert imot handlar dette om noko langt viktigare enn enkeltpersonar: korleis vi forstår folkestyret.
I eit demokrati er det ikkje ordføraren som bestemmer åleine. Det er ikkje kommunedirektøren heller. Det er heller ikkje dei sterkaste røystene på sosiale medium eller dei som sit nærast makta.
Makta ligg hos folket.
Det er innbyggjarane som eig kommunen. Dei folkevalde er våre representantar. Dei er valde for å forvalte tilliten vår, ikkje for å overta eigarskapen til framtida vår.
Difor blir eg uroa når store........
