Outsourcing av barna
Idealet er at det å få barn skal påverke deg i minst mogleg grad. Det er forventa at eittåringen skal i barnehage, og du blir sett rart på om toåringen er heime.
Det er openbert at heiltidsbarnehage for 1-åringar ikkje finst primært for 1-åringane si skuld, skriv kronikkforfattaren. (Bildet.)
Eg er feminist, vil jobbe, og aldri tilbake til ei tid der kvinner var avhengige av ein mann som forsørgde henne.
Samtidig meiner eg det er på høg tid at også feministar og venstresida anerkjenner barns biologiske og utviklingsmessige behov, sjølv når det går på tvers av arbeidslinja.
«Ikkje la KrF få monopol på å løfte fram familiar»
«Ikkje la KrF få monopol på å løfte fram familiar»
– Jeg ville aldri sendt en ettåring i barnehage, seier KrFU-leiar Hovland i VG. Ho legg til at det er «en syk kultur når vi topper statistikken for å ha de minste i barnehage.»
Sjølv om eg er ueinig i det meste KrFU og Hovland står for politisk, er eg heilt einig i at det vitnar om ein sjuk kultur når 84 prosent av eittåringar blir sendt i barnehagen – og at det ikkje er lov å problematisere.
Me ser dette i klårtekst når folk angrip Hovland for å påføre foreldre skam, medan ingen rynkar på nasen av at me sender babyar på ti månader i barnehagen.
Arbeidslinja står så høgt at det ikkje er rom for å snakke høgt om dette utan å bli kalla antifeminist eller avvist for å «påføre foreldre skam».
Det burde vere eit alarmsignal.
Det verkar som me kollektivt har fått eit slags stockholmssyndrom på patriarkatet og kapitalismen sitt ideal om at lønna arbeid utanfor huset er det viktigaste, og at alt anna er nedprioritert.
Venstresida gjer seg dumme om dei meiner at det å problematisere så tidleg institusjonalisering av barn som samfunnsnorm, kan avfeiast som antifeministisk og........
