Kampen mot netthets startar med å akseptere den
Kampen mot netthets startar med å akseptere den
Netthets er ein uunngåeleg konsekvens av menneskenaturen. Men røyndomen er til for å bli endra.
HÅPLAUST, OG VI GIR OSS IKKJE: Kampen mot netthetsen raser rundt Gaute Børstad Skjervø og AUF. Svaret ligg i å halde ut det evige slitet - å ta til motmæle og stille algoritmene til ansvar.
Ola Svenneby og Jon Helgheim (Frp) møttest tysdag til debatt om netthets i Politisk kvarter, der utgangspunktet var den massive hetsen mot AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø.
Nestleiaren i Høgre konstaterte syrleg at debattmotstandaren «greier å ete med kniv og gaffel», men at Framstegspartiet skuldar å ta ein meir aktiv rolle med å røkte og rydde i sitt eige omland.
Til det er det berre å seie: Lukke til.
Det er ironisk meint. Men òg ikkje.
Les også Mora til ungdomspolitikar tar oppgjer med netthets: – Orda dykkar hjelper ingen
For kampen mot netthets er ein kamp mot menneskenaturen, og kynikaren har helt rett i at netthets ikkje er noko vi kjem til å «få bukt med».
Til det er hetsen ein uunngåeleg konsekvens av algoritmedrivne plattformer der vi alle har vorte våre eigne publisistar.
Jo før vi erkjenner det, dess........
