menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Truer sparebankenes eksistens

21 0
13.03.2026

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

(Bergensavisen): Når politiske endringar er så kompliserte at nesten ingen forstår dei, må ein vera på vakt.

Då er det fare for at aviskommentatorar, som meg, ikkje gidd å setta seg inn i saka, og at maktfolk jattar i veg på sitt eige kodespråk.

Av og til kan ein mistenka at det med vilje vert snakka over hovudet på folk.

Akkurat slik er det når finansdepartementet vurderer å endra reglane for norske sparebankar. Sparebankar, ja, det er noko folk i Norge verkeleg bryr seg om.

Kvifor sparebankane er så viktige for folk? Jo, fordi folk har tillit til sparebanken. Og fordi sparebankane kanskje er den viktigaste finansielle motmakta som finst her til lands.

Det heile starta på 1800-talet:

Først ute var Christiania sparebank, som vart etablert i 1822.Året etter, i 1823, vart Bergen sparebanketablert.Utover på 1800-talet fekk så godt som alle norske kommunar ein eigen sparebank. Ein av dei varFana sparebank, som vart etablert i 1878.

Tre bankar som representerer ytterpunkta i det norske sparebanklandskapet. Den første finst ikkje lenger, etter å ha vorte kjøpt opp, den andre er i dag ein del av den største sparebanken i landet, medan den tredje framleis eksisterer som ein «liten» uavhengig bank.

Les også: Hver gang det smeller, blir påskeferien din i Spania litt billigere

Heile ideen bak desse bankane var at småsparar skulle kunna spara på ein trygg måte, utan at nokon stakk av med fortenesta. Og at bedrifter, særleg småbedrifter, skulle få hjelp til investeringar.

Derfor vart det innført eit viktig prinsipp. Nemleg at ingen skulle eiga sparebankane. Den eigarlause kapitalen er framleis ein sentral del av den norske sparebankmodellen.

Dersom du har mykje pengar, og gjerne skulle ha kjøpt opp alle sparebankane i landet, er dette ganske irriterande. Det finst ingen eigarar du kan kjøpa sparebanken av.

Derfor eksisterer framleis enkelte av dei norske sparebankane i si aller reinaste form. Fana sparebank er ein av desse.

Banken, som er eigd av alle og ingen, vert styrt av innskytarane, dei tilsette, og representantar for det bergenske samfunnet, og sit på verdiar som er opparbeida gjennom 147 år, og har spelt ei uvurderleg rolle i lokalsamfunnet.

I fjor opplevde banken sitt beste år nokosinne og gav vekk 60 millionar kroner til allmennyttige formål. I tillegg betalte banken ut utbytte til kundane sine på i alt 76 millionar kroner.

For Fana sparebank vil endringane sparebankutvalet har foreslått ha relativt lite å seia.

Forslaga kan derimot få langt større konsekvensar for den andre sparebanken med hovudkontor i Bergen, nemleg Sparebanken Norge. Ein bank som opererer i ein heilt annan vektklasse, og per dags dato vert rangert som den tredje største banken i landet.

Bergen sparebank valte nemleg ein heilt annan strategi enn Fana sparebank. I 1982 skifta banken namn til Sparebanken Vest etter å ha slått seg saman med ei rekke andre lokale sparebankar. Seinare har utviklinga berre halde fram.

Grunna eit ønske om å veksa og å få tak i meir kapital valde banken å gå for ein hybridmodell, som òg mange andre sparebankar har gått for sidan slutten av 1980-talet, nemleg ved å tilby eigenkapitalbevis.

Eigenkapitalbevis delar mange kjenneteikn med aksjar, men gir ikkje den same kontrollen over selskapet som aksjeeigarar kan ha i eit aksjeselskap. Dei som eig eigenkapitalbevis kan nemleg aldri ha meir enn 40 prosent av stemmene ved ei generalforsamling. Det er altså framleis den eigarlause kapitalen, gjennom innskytarar, tilsette og samfunnet som har fleirtalet i dei viktigaste organa i desse bankane.

Til gjengjeld er eigenkapitalbevisa hefta med mindre risiko enn aksjar. Eventuelle underskot i banken vert nemleg først dekka av den eigarlause delen av banken, som i Sparebanken Norge sitt tilfelle er opparbeidd sidan 1823.

Eigenkapitalbevisa vert derfor sett på som eit trygt og ettertrakta investeringsobjekt.

Ordninga har fungert etter intensjonen og har vore eit robust vern mot at norske sparebankar har vorte kjøpt opp.

Likevel foreslo det regjeringsoppnemnde sparebankutvalet i fjor, med støtte frå Finanstilsynet, at ordninga bør endrast, slik at risikoen vert likt fordelt mellom dei som eig eigenkapitalbevis og den oppsparte eigarlause kapitalen i sparebankane.

Det har ført til sterk uro i mange sparebankar og i Sparebankforeningen. Frykta er at eigenkapitalbevisa skal verta eit langt mindre gunstig investeringsobjekt, fordi risikoen vil auka.

Vidare vil det kunna føra til at etterspurnaden etter eigenkapitalbevis vil synka, og at det vert vanskelegare for sparebankane å veksa å få tak i kapital.

Når både Sparebankutvalet og Finanstilsynet på same tid opnar for å gjera det enklare å omdanna sparebankane til aksjebankar, kan konsekvensen på sikt vera at fleire bankar vel å gje opp sparebankmodellen.

Det har skjedd i ei rekke land. I Storbritannia er sparebanksektoren, som lenge var ein inspirasjon i Norge, så godt som utradert. Det har gjort det langt vanskelegare for mindre bedrifter å få reist kapital lokalt.

Også i Norge har sparebankar kasta inn handkledet. Den aller eldste sparebanken i landet, Christiania sparebank, hadde lenge ei ganske lik utvikling som Bergen sparebank. Gjennom fusjonar vart Sparebanken Nor etablert, ein bank som for ein mannsalder sidan hadde den same marknadsposisjonen som Sparebanken Norge har i dag.

Etter fleire mislykka forsøk på nye samanslåingar med andre store sparebankgrupperingar, og ein fusjon med Gjensidige, gjekk Sparebanken Nor i 2002 vekk frå sparebankmodellen, og var omgjort til ein aksjebank.

Kort tid seinare vart banken slukt av den dominerande norske bankaktøren DNB.

Bakgrunnen for endringsforslaga frå Sparebankutvalet og Finanstilsynet er uro for at dagens særreglar kanskje ikkje er i tråd med krava til det europeiske banktilsynsorganet EBA.

Kjernen i argumentasjonen er at risikoen bør fordelast likt mellom dei som eig eigenkapitalbevis og den samfunnseigde delen av banken. Noko som altså vil kunna svekka attraktiviteten til eigenkapitalbevisa. Ingen vil kjøpa dårlege verdipapir.

Om ordninga faktisk er i strid med EU-reglane er omdiskutert. Sparbankforeningen hevdar, på si side, at dagens modell er i tråd med krava til EBA.

Dessverre har denne særs viktige diskusjonen i stor grad vorte overdøyvd av eit av sparebankutvalet sine andre forslag. Utvalet har nemleg, med støtte frå Finanstilsynet, foreslått at sparebankane ikkje lenger skal kunna dela ut kundeutbytte i si noverande form.

Praksisen med kundeutbytte har nemleg enkelte problematiske sider. Kundeutbyttet går nemleg av den same potten som elles kunne ha gått til allmennyttige formål.

Medan bankkundane må skatta av kundeutbyttet, inneber det same utbyttet ein skattefordel for bankane og dei som eig eigenkapitalbevis. Når det gjeld gåver er det motsett. Då får ikkje bankane den same skattefordelen, men mottakarane slepp å skatta.

Les også: Renteøkning kan ødelegge nattesøvnen

Det gjer at bankane har skattemessige fordelar med å gje kundutbytte, sjølv om ein kunne fått meir ut av pengane som gåver til idrett, kultur og lokalsamfunn.

Dette er, i motsetnad til diskusjonen rundt eigenkapitalbevisa, ikkje ein diskusjon som på nokon måte trugar sparebankane sin eksistens.

Derfor er det behov for at debatten i større grad handlar om vernet som sikrar sparebankane mot å verta kjøpt opp. Ei svekking av eigenkapitalbevisa som investeringsobjekt vil potensielt kunna råka sparebankane hardt.

Derfor bør finansminister Jens Stoltenberg (Ap) gjera det som står i hans makt for å vidareføra dagens modell. Sjølv om regelverket gir sparebankane nokre fordelar, er det ein modell som har sikra at sparebankane framleis er ein sentral del av norsk bankvesen.

Å operera ein frisk pasient, er bortkasta tid og ressursar. Særleg om det er fare for at pasienten vert dårlegare av operasjonen.

Å bevara sparebankmodellen betyr noko for folk, samfunn og økonomisk motmakt. I fjor gav norske sparebankar og sparebankstiftingar 5,2 milliardar tilbake til norske lokalsamfunn. Sparebankane er òg viktig for arbeidslivet, særleg i distrikta, med over 8500 tilsette fordelt i heile landet.

Framtida til norske sparebankar for viktig til å berre vera eit tema for spesielt interesserte. Grep som svekkar sparebankane, vil nemleg svekka Bergen og andre lokalsamfunn.


© Nettavisen