Narrespel om Todalsfjorden
I førre veke vedtok Fylkesutvalet å sjå på billigare fjordkryssingar, inklusive flytebru – men avgrensa samtidig utgreiinga til den vedtekne traséen, over Svinvik. Dermed skal ein tilsynelatande leite etter nye og rimelegare løysingar, men berre der det vil vere lite å hente, og ikkje for å finne størst mogleg innsparing. Det er godt kjent at flytebru ikkje er billegare enn hengebru over eit så kort strekk som Svinvik–Rakaneset (700 meter).
Problemet er sjølvsagt kostnaden for heile prosjektet og vedtekne trasé: over 12 kilometer med nye vegar, tunnel, bruer og kulvertar. Skal kostnaden ned med minst éin milliard kroner frå dagens rundt 5 mrd., slik eigarkommunane og fylket endeleg har innsett må til for at ikkje prosjektet blir skrinlagd, må ein gjere som Surnadal kommunestyre vedtok i september: løfte blikket og vise vilje til å undersøkje løysingar ein hittil har nekta sjå på. Éi innlysande innsparing er å seie nei til ny veg mellom Svinvik og Åsbøen, men det har til no vore uaktuelt for Surnadal, som allereie har gjort offer i Svinvik-området. Uansett er det heller ikkje nok. Da er det uforståeleg at ein ikkje vil undersøkje om ei ca. 2 km lang flytebru, i kombinasjon med gjenbruk av fylkesvegen på begge sider, vil gjere jobben. Den politiske prosessen i fylket framstår ikkje som ei reell jakt på ei realiserbar løysinga, men som eit politisk narrespel der sisteakta allereie er regissert – og endar i eit tragisk sjølvdrap.
Eg har........
