Håp for Gaudalen
Rett før påske vart ein representant for Statkraft intervjua om statusen for arbeidet med nye Aura kraftverk (Aura II). Vi fekk vite kor lang tid dei rekna med å bruke på planlegging og prosjektering, lengda på sjølve anleggsperioden og når det nye kraftverket tidlegast kan bli sett i drift. Det hadde òg vore interessant om dei kommenterte innhaldet i høyringsuttalane til konsesjonssøknaden som var mottekne av NVE da fristen gjekk ut i februar.
Eg har lese alle. Konklusjonen min er at Statkraft har mykje å ta tak i dersom NVE krev at konsernet følgjer opp det som kjem fram. Noko av det som går att, har særleg med miljøet å gjere:
Skadeverknadene er ikkje tilstrekkeleg utgreidd. Det gjeld alt frå negative følgjer for villreinen via naturtap til forstyrringar av økosystemet i indre Sunndalsfjorden grunna auka tilførsel av ferskvatn og nytt utløpspunkt.
For meg som kjempar for å hindre øydeleggingar i Gaudalen, gjev høyringsinnspela stor grunn til optimisme. Sentrale og tunge instansar vender tommelen ned for etablering av massedeponi i urørt natur. Eg ramsar dei opp her: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Statsforvaltaren i Innlandet, Statskog, Sunndal kommune, Molde kommune – kommunedelsutvalet i Nesset, Lesja kommune, Sunndal fjellstyre, Eresfjord og Vistdal fjellstyre, Snøhetta villreinutval, Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø, Dovrefjell nasjonalparkstyre, Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), NJFF Møre og Romsdal og Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Hos dei fleste av desse instansane er Gaudalen eksplisitt nemnt, og dei ber om, eller krev, at Statkraft vel eit anna alternativ. Eit par av dei uttrykkjer meininga si indirekte ved å støtte synspunkt i uttalane til andre.
Denne nærmast unisone motstanden mot inngrep i dalen kjem NVE til å merke seg. Statkraft kan heller ikkje neglisjere han. Derfor er eg no styrkt i trua på at Gaudalen vil unngå å bli ofra i Aura II prosjektet.
For dei som ikkje har vore i det aktuelle området, har eg lagt ved eit oversiktsfoto som viser korleis landskapet ser ut i den nedre halvdelen av dalen der inngrepa er planlagt. Omtrent midt i bildet, på andre sida av elva, har dei tenkt å etablere ein dumpeplass for 100.000 kubikkmeter med steinmassar, og med tunnelpåhogg litt oppe til høgre. I tillegg til sjølve deponiet må det nok òg opparbeidast flater til materiell, køyretøy og brakker, og med tilhøyrande stikkvegar.
Grensa til Eikesdalsvatnet landskapsvernområde går nokre hundre meter unna i høgre bildekant, der dalen dreier i sørvestleg retning. Så skal det byggjast veg for transport av tungt utstyr med store anleggsmaskiner gjennom fjellbjørkelia som skrånar nedover mot venstre i framgrunnen, og vidare innover dalen over det opne området litt til høgre med påfølgjande kryssing av elva. På mykje av strekninga vil terrenget bli prega av skjemmande skjeringar og fyllingar.
Det er ikkje vanskeleg å forestille seg at det sårbare landskapet vil bli påført uboteleg skade. Ja dalen blir ikkje til å kjenne att.
Fleire av dei som har engasjert seg under høyringa ønskjer å få vite kva alternativa til Gaudalen går ut på. Statkraft seier at slike finst, utan å konkretisere. Men dei hevdar at dei medfører større kostnader og lengre anleggstid.
Eg vil meine at konsernet ikkje akkurat ligg på noka økonomisk sotteseng. Utbetalingane deira av bonusar / resultatbasert løn til energihandlarar på børsen utgjorde åleine 570 millionar kroner i 2025. Og forseinkingar eller ei, ved å bestemme seg for eit mindre miljøfientleg utbyggingsalternativ får dei iallfall signalisert til omverda at dei prøver å ta FNs naturavtale på alvor. I den avtalen har Noreg forplikta seg til å hindre ytterlegare nedbyggingar av det som til sjuande og sist utgjer livsgrunnlaget vårt.
Apropos andre løysingar: Sunndal kommune nemner luftputekammer i høyringsuttalen sin. På nettet les eg om ein stor fordel med den typen konstruksjon: Ein treng ikkje luftetunnel, og unngår dermed naturinngrep. Ein annan gevinst er at ein faktisk kan kome betre ut av det økonomisk samanlikna med den tradisjonelle måten å gjere det på, som er å bruke opa svingesjakt. Rett nok finst det nokre ulemper eller utfordringar, men ved hjelp av nye metodar er det visstnok muleg å eliminere dei fleste av desse.
Sluttord: For få år sidan gjekk det gale for Statkraft i Surnadal. Under opprustingsarbeid på Follsjødammen hamna store mengder slam i det nasjonale laksevassdraget Surna, og med alvorlege konsekvensar. Etter høyringsrunden om Aura II er det tent eit håp om at vi slepp nokon miljøskandale i Gaudalen i regi av same aktør.
