menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Vi gjekk i rosetog. For å lindra smerte og løfta menneskeverd og demokrati. Eg trur ikkje vi klarte det.

30 0
22.07.2026

Tapet av menneskeverd

KOMMENTAR: Vi gjekk i rosetog. For å lindra smerte og løfta menneskeverd og demokrati. Eg trur ikkje vi klarte det.

Solveig G. SandelsonKommentator

«Frykten var så intens at det gjorde fysisk vondt. Du må ha vært der for å forstå det. Jeg klarer ikke selv å huske hvor forferdelig det var. Etterpå var det en følelse av alvor.»

Vebjørn Bjelland Berg var 15 år. Han var på AUFs ungdomsleir på Utøya, 22. juli 2011. Der ein høgreekstrem terrorist skaut på dei. Igjen, og igjen, og igjen, og igjen. Til han hadde drepe 69 menneske. Den yngste var 14. Før det, plasserte han ei heimelaga bombe i regjeringskvartalet i Oslo. 8 menneske blei drepne momentant. 77 menneske til saman. 262 skadde.

Og vi blei stille. Mens livredde ungdommar frå Utøya kom til Sundvolden hotell. Mens heilt, heilt fortvila foreldre venta der, leitte etter sine på lista over overlevande, håpa. Til det ikkje var fleire overlevande igjen å identifisera på sjukehusa.

Vi samla oss i rosetog. Over ein million av oss, visst. I Oslo så mange at dei ikkje kunne gå i tog. Dei stod.

Vi song. Vi flokka oss. Vi slo ring. Rundt menneskeverdet, rundt demokratiet. Vi tok inn orda til Jens........

© Aftenbladet