menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Tida er overmogen for Øyfast

13 0
previous day

Tida er overmogen for Øyfast

DEBATT: Når fylkesvegferja vår blir tatt ut av ruta vår for å ordna opp i driftsutfordringane på riksvegsambandet Hjelmeland-Nesvik, så er det altså innbyggarane på dei veglause øyane som får utfordringane rett i fanget.

Sissel Marie BjergaLeiar av Finnøy kommunedelsuvalg, KrF

Det er folk som ikkje kjem heim til fjøsstell, det er ungar som står på kaien å ventar, det er tilsette på sjukeheimen som ikkje kjem seg på jobb i tide, eller som må venta i timevis etter jobb, og det er lange køar med folk som skal av øyane etter helga.

Det siste halvåret har ferjene våre hatt meir krøll enn eg kan hugse; kanselleringar på grunn av manglande mannskap, og no at dei ikkje har reserveferjer.

Eit stabilt ferjesamband er viktig for oss på alle vis. Det er forutsigbarheten som er så viktig – når laksen skal av øya, for landbruket (mjølkebilen, kraftforbilen, kadaverbilen, landbruksentreprenørar som reiser rundt og tar siloslått, rundballing osv.),........

© Aftenbladet