menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Trump bjeffar - men verda bit tilbake

11 0
14.05.2025

KOMMENTAR: Trumps retrett i tollkrigen viser at det er grenser for makt sjølv for verdas mektigaste mann. Trumps ønsketenking har møtt på den verkelege verda.

– Han bjeffar meir enn han bit. Men dessverre bit han ein del også.

Slik samanfatta sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets Donald Trumps siste tilbaketog i handelskrigen han sjølv starta med Kina, i Dagsnytt 18 mandag. For etter å ha innført elleville – og til dels uforståelege – tollsatsar mot omverda på «Liberation Day» 2. april, er retretten nå eit faktum. I alle fall ein viss retrett. I alle fall i 90 dagar.

Ei veke etter at Trumps «gjensidige» tollsatsar blei annonsert – og berre nokre timar etter at dei begynte å verka – innførte Trump ein pause på 90 dagar for alle, unntatt Kina. Verdas nest største økonomi skulle tvert om straffast ekstra hardt.

Mandag kom den overraskande beskjeden om at USA og Kina har inngått ein ny tollavtale. Tollen på 145 prosent mot kinesiske varer – som i praksis ville stoppa handelen med Kina – blir redusert til 30 prosent, mens Kina tar 10 prosent på amerikanske importvarer. I alle fall i 90 dagar.

I mellomtida hadde Trump allereie redusert tollsatsen på viktige teknologivarer frå Kina. Bilbransjen hadde også lukkast i pressa Trump-regjeringa til å senka satsen i sin sektor. Og så har britane........

© Aftenbladet