menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Nå er det «Drill, Baby, Drill!»

14 0
15.10.2026

Nå er det «Drill, Baby, Drill!»

KOMMENTAR: Europa treng store mengder norsk olje og gass i tiår framover. Då får det ikkje hjelpa om kloden kokar.

Beskjeden til oljebransjen frå energiminister Terje Aasland (Ap) er krystallklar: Han vil ha meir aggressiv leiting etter olje og gass på norsk sokkel for å sikra stabile leveransar til Europa framover.

Etter Russlands fullskalaåtak på Ukraina og stengde stred i Midt-Austen, er det Drill, Baby, Drill som gjeld. Ikkje berre for oljebransjen, men også frå øvste politiske hald.

Torsdag inviterte Oljemuseet i Stavanger til debatt i samband med at det denne hausten er 60 år sidan Ocean Traveler bora første prøvebrønn på norsk sokkel. Første brønn var tørr. Men på andre forsøk var det klaff, på det som med tida skulle bli oljefeltet Balder.

Resten av norsk oljehistorie kjenner me godt – i alle fall me som bur i oljefylket Rogaland. Oljebransjen er i dag Norges største og mest lønnsame næring. Det har gitt oss ein verdas mest omfattande velferdsstat, eit oljefond på over 20.000 milliardar kroner og ein velstand nesten utan like.

Skuggesida er, som me også kjenner til,........

© Aftenbladet