Nokon som blir med og ror for skulen?
La Norge satse (minimalt) på framtida!
KRONIKK? Trur du herre-landslaget i fotball hadde kome til VM på ein sparepakke?
Helge KristoffersenHovedtillitsvalgt i Norsk Lektorlag, Sandnes kommune
Sjølvsagt må me spara i skulen. Sparing er ein viktig verdi i Norge. Dugnad! Alle må stå på for å få endane til å møtast. Kommunen har ikkje råd, og tidene er tronge. Om me berre greier ein skarve prosent til i kutt, så er det ikkje så mykje me må spara til neste år. Om me er heldige kan me satse – litt – på framtida neste år.
Når no ferien har starta og feriepengane snart tar slutt, sit eg her som lektor og tillitsvald og gler meg til august. Det skal bli bra å sjå att gode kollegaer. Men mest gler eg meg til å treffa den nye klassen min, 8B, som skal bli den aller beste klassen for alle. Som trenar Solbakken skal eg ta dei med ut i verda, bygga laget og visa at me får det til. Om me må slita med franske revolusjonar gjer me oss ikkje. Me gyver på og legg verda under oss.
Kan me spara oss til topps?
Kor mange skulebøker kunne me kjøpt for kostnaden av å sende landslaget over dammen? Det er vanskeleg å setta tal på, men det er snakk om mange tunge skulesekkar. Kva med om me berre droppa VM, og gav blaffen i å fylla lommebøkene til Trump og Infantino? Det........
