menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Ikea-saka handlar om bil­trafikk, ikkje sykkel­parkering

16 0
18.03.2026

Statsforvaltaren har ikkje vurdert sykkelparkering 

Gunnar O. Hæreid Assisterande statsforvaltar, Statsforvaltaren i Vestland  

DEBATT: Stavanger Aftenblad skriv 18. mars om at Ikea ikkje får dispensasjon for å etablere fleire parkeringsplassar for bil, under den misvisande overskrifta «Ikea tapte igjen: Må ha minst 1099 p-plassar for sykkel». 

Men denne saka handlar om biltrafikk, ikkje om sykkelparkering. Ho handlar om at Kommunal- og distriktsdepartementet i Interkommunal delplan for Forus har fastsett ei parkeringsnorm for bilar som er bindande for kommunane i området.

Ikea søkte om å dispensasjon for å kunne etablere opp til 590 plassar, i staden for dei 183 som ligg inne i parkeringsnorma, men lovvilkåra for å gje dispensasjon er ikkje oppfylte.

Stavanger kommune kan ikkje bryte parkeringsnorma utan å gå vegen om å endre reguleringsplanen i ein prosess der alle konsekvensar av endringa skal opplysast og høyrast.

Plan- og bygningslova er tydeleg på at dispensasjon ikkje kan nyttast til å setje vesentleg til side regelen det blir dispensert frå, i dette tilfellet parkeringsnorma. Og det veit alle som driv planarbeid. 

Parkeringsnorma har støtte i Byvekstavtalen for Nord-Jæren, der staten har lagt inn over 1,6 milliardar kroner i avtalen, og kommunane har slutta seg til.

Krava til sykkelparkering per kvadratmeter bygg følgjer av den interkommunale delplanen for Forus, og er ikkje vurdert i vedtaket vårt.

Nå er det endelig: Ikea må ha minst 1099 p-plasser for sykkel17. mars

Nå er det endelig: Ikea må ha minst 1099 p-plasser for sykkel

Ikea-sjef: – Dette kan bety kroken på døra17. mars

Ikea-sjef: – Dette kan bety kroken på døra

Kommunal- og distriktsdepartementet


© Aftenbladet