Senterpartiet leverer medan Høgre og FrP reverserer
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Sjølv om mange ikkje likar å innrømme det så er Møre og Romsdal eit distriktsfylke. Vi som bur her veit difor betre enn dei fleste kor viktig det er med ein aktiv distriktspolitikk. Her er vi heilt avhengige av ferjer, flyruter og eit landbruk som gjev både arbeidsplassar og trygg mat på bordet. Difor er det avgjerande å ha politikarar som faktisk prioriterer kvardagen til folk flest, ikkje berre skattekutt til dei aller rikaste.
Resultat
Senterpartiet har dei siste åra levert ei rekkje konkrete resultat for distrikta:
Vi har halvert ferjeprisane og gjort 77 samband heilt gratis. Det betyr mykje for folk og næringsliv i eit fylke som vårt. Vi har halvert prisane på kortbaneflyrutene. For store deler av både næringsliv og folk i Møre og Romsdal er ikkje flyet luksus, men ein nødvendig del av logistikken.
Senterpartiet har kutta barnehageprisane i heile landet og ekstra i distriktskommunar der prisen no er berre 700 kroner i månaden. SFO er også blitt rimelegare. Det betyr titusenvis av kroner spart for småbarnsfamiliar, og gjer det lettare å bu og etablere seg i bygdene våre.
Sjølv om mykje viktig arbeid står att så har vi med Senterpartiet i landbruksdepartementet hatt den største satsinga på norsk jordbruk på fleire tiår. Inntektsgapet er i ferd med å bli tetta, og overføringane til bøndene har vore rekordstore. Det gjev tryggleik for framtida til norsk matproduksjon, for bøndene i Møre og Romsdal, og alle dei som er så heldige å få ete dei fantastiske råvarene bøndene her produserer. Dette er berre nokre eksempel på........
© Tidens Krav
