La idretten byggje fred – la barn og ungdom møte kvarandre over landegrensene
La dei bli kjende med kvarandre. La dei snakke saman. La dei le saman. La dei konkurrere med kvarandre – og respektere kvarandre. La dei gi kvarandre ei hand, og kanskje ein klem, når kampen er over.
Det er slik tillit blir bygd. Det er slik vennskap blir skapt. Og det er ofte slik fred tek til.
Eg meiner at idrett for barn og ungdom over landegrensene aldri bør vere politisk styrt. Det er ikkje statar som møtest på idrettsbanen. Det er barn og ungdom.
Eg har studert idrett og arbeidd i Norges Idrettsforbund og Olympiske og Paralympiske Komité. Difor har eg ofte tenkt over korleis idrett kan byggje fred – men òg korleis han kan bli brukt politisk.
Då fleire vestlege land boikotta OL i Moskva i 1980, blei........
