Ein ny arktisk reiselivsstrategi
Tromsø lufthamn er på bristepunktet. Den kraftige veksten i turismen har gjort at kapasitetsgrensene nærmar seg, men løysinga er ikkje nødvendigvis å byggje ut meir i Tromsø.
I staden bør vi sjå på dei andre storflyplassane i Troms og Finnmark – Kirkenes, Banak, Alta, Bardufoss og Evenes – som ein gyllen moglegheit til å utvikle heile regionen.
I dag blir store delar av Nord-Noreg oversett i reiselivsutviklinga. Kvifor skal alt gå gjennom Tromsø, når vi har internasjonale flyplassar som ligg tettare på naturopplevingane? I Finland har dei forstått dette, og no må vi gjere det same!
I staden for å sentralisere turismen til éin by, kan vi bygge opp ein fleirkjernet reiselivsmodell der fleire destinasjonar speler saman for å gi turistane det beste av det arktiske Noreg.
• Desentralisert turisme gir betre fordeling av besøkande – Mindre press på Tromsø og meir verdiskaping i heile landsdelen.
• Kortare reiseavstand til naturen – Med fleire innfallsportar til Arktis kan turistane reise direkte til dei områda dei vil oppleve, utan å måtte reise lange avstandar etter landing.
• Berekraftig vekst – Ved å spre turismen, unngår vi........
© Ságat
