«Når draumen om ein heim druknar i turiststraumen»
Ho hadde fått godkjenning på bustadlån. Alt var klart. Men kvar gong ho la inn eit bod, kom det ein ny aktør og bød over. Ikkje for å bu der sjølv – men for å leige det ut til turistar på Airbnb.
Og det skjer ikkje berre ein gong. Det skjer heile tida.
Turistdestinasjonar som glir ut av hendene på sine eigne
Vi har mange flotte reisemål, både i by og bygd. Men kva skjer når desse vert forvandla til marknadsplassar for kortsiktig profitt – der heimar vert kjøpte og selde som investeringsobjekt, ikkje som stader å bu?
Det er nettopp det som skjer.
Bustadar for vanlege folk – for sjukepleiarar, lærarar, handverkarar, studentar og unge etablerarar – forsvinn. Dei som held velferdssamfunnet oppe, vert pressa ut.
Veksten i Airbnb-utleige har vore spesielt markant i........
© Ságat
