menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Nåde den som opnar kjeften!

10 6
24.02.2025

Sølve Rydland, politisk redaktør i BA

Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.

(BA) Inst inne i ein vestlandsfjord utspelar det seg eit stille politisk drama av dei heilt sjeldne.

Det er nabo mot nabo. Familie mot familie. Det er snakk om så store pengesummar at det nærmast kan minna om utpressing. Nåde den som reiser seg og seier meininga si!

Det er òg snakk om naturverdiar som er veldig vanskelege å setta ein prislapp på, men som har uvurderleg verdi for mange.

Har du tenkt å bruka tida på ein tv-serie i helga? Ver heller med til Modalen.

Innbyggarane i Modalen, som er den nest minste kommunen i Norge, har nemleg fått det som kan sjå ut som «an offer you can't refuse».

Selskapet Norsk Vind har som mål å bygga ut vindkraft i Norge. Problemet deira, er at dei så til dei grader har møtt på kvist. Så godt som uansett kor dei vender seg, reiser motstanden seg.

Nordmenn er nemleg veldig glade i natur. Og veldig lite glade i vindkraft. Norske rikspolitikarar har lytta til det, og gitt norske lokalpolitikarar vetorett i spørsmål om lokale vindkraftprosjekt.

Norsk Vind håpar at Modalen kan vera unntaket. Grunnen er så enkel at det bur veldig få folk i Modalen. Berre om lag 380 personar.

Norsk Vind har sagt at dei vil garantera for at Modalen kommune skal få 100 millionar kroner årleg i ti år, om vindkraftverket vert ein realitet.

Dersom Norsk Vind hadde foreslått å bygga eit vindkraftverk på Vidden i Bergen, ville det ha betydd 342 kroner årleg per innbyggar i Bergen.

Les........

© Nettavisen