menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Milliardprosjekt i fare: –⁠ Ikkje særleg smart

8 5
11.02.2026

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

(Bergensavisen): Heilt rett: Bergen kan verta den store taparen.

Sjå føre deg at du står i kø for ein livreddande operasjon. I tur og orden har folk du kjenner fått operasjonen heilt gratis, medan du har venta med kølappen i handa.

Når det er din tur, får du beskjed om at staten ikkje lenger vil betala for operasjonen, men at du skal få litt pengar kvar månad, slik at du på sikt kan betala sjølv dersom du greier å spara pengane.

Slik er faktisk situasjonen til Universitetet i Bergen akkurat no.

Overskridingar andre plassar i landet gjer at regjeringa vurderer ein ny modell for korleis universitetsbygg skal byggast.

Konsekvensen kan verta dramatisk for Universitetet i Bergen.

Først litt om bakgrunnen:

Sjølv om det etter kvart finst ein heil bråte universitet her til lands er framleis dei fem eldste universiteta i ei særstilling på visse felt.

Ei av særordningane er at universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø, Trondheim og på Ås forvaltar sine eigne bygg.

Når det skal byggast nytt eller gjerast omfattande rehabiliteringar, vert pengane løyvd over statsbudsjettet. Staten har ansvar for bygginga, før bygga vert overført til universiteta når jobben er gjort.

For ei tid tilbake vart det gjort forsøk på å overføra desse bygga til Statsbygg, slik praksisen er for Høgskulen på Vestlandet og dei 21 andre statlege utdanningsinstitusjonane. Etter store protestar frå dei fem «gamle» universiteta stranda dette.

No pønskar regjeringa på ein ny framstøyt.

Etter store overskridingar ved ei rekke større byggeprosjekt i sektoren, som i Oslo, i Trondheim og på Ås, har regjeringa no opna for å overføra risikoen til universiteta sjølve.

Ordninga som er skissert går ut på at dei fem universiteta ikkje lenger skal få store eingongsoverføringar til byggeprosjekt over statsbudsjettet, men at dei i staden skal få faste årlege overføringar som skal kunna setta dei i stand til å ta hand om eiga bygningsmasse.

Forslaget........

© Nettavisen