Høgre må finna ein annan frontfigur før neste val
Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
(Bergensavisen): Fire månadar etter at Christine Meyer (H) stilte seg disponibel for valkomiteen i Høgre, kunngjorde ho måndag at ho likevel vil kasta inn handkledet.
Når Høgre stiller til val i 2027 vert det med ein annan toppkandidat enn professoren i strategi og leiing.
Christine Meyer hevdar hardnakka at ho ikkje har følt seg pressa til å gå av, og at det er å avslutta arbeidslivet som akademikar på handelshøgskulen som lokkar.
Uansett om det stemmer eller ikkje, gjer ho partiet sitt ei stor teneste når ho no overlèt plassen på listetoppen til nokon andre.
Høgre er rett og slett tent med å finna ein annan frontfigur før neste val.
Å hevda dette, kan tolkast som ei fornærming mot Christine Meyer. Tru meg, det er ikkje meint slik.
Christine Meyer var nemleg byrådsleiarkandidaten som kasta seg midt inn i ein politisk storm som ho ikkje var førebudd på.
Ho hadde ikkje rekna at ho allereie valnatta skulle komma til å bryta eit heilt sentralt valløfte, nemleg garantien om at ho ikkje skulle stå for nokon omkamp om Bybanen til Åsane. Eit val som skulle forpesta samarbeidsklimaet med store delar av bystyret.
Ho hadde ikkje rekna med at ho skulle verta avhengig av seks ulike parti for å kunna danna eit fleirtal i bystyret.
Ho hadde ikkje rekna med at ho i dagane etter valet skulle........
