menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Dei store investeringane skjer i nabolaget til dei som sit i partileiinga

6 1
08.12.2025

Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.

(Bergensavisen): No er Høgre i ferd med å gjera den same brølaren.

Skal du forstå norsk politikk kjem du ikkje unna å ta innover deg motsetninga mellom sentrum og periferi.

Begrepsparet som vart introdusert av Stein Rokkan, sjølve gudfaren ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, har vore den mest sentrale forklaringsmodellen på politiske prosessar i Norge dei siste 70 åra.

Lurer du på kvifor nordmenn sa nei til EU, kvifor den folkelege motstanden mot vindkraft er så sterk, kvifor den økonomiske skeivfordelinga innan samferdsle og kultur provoserer så mange, kvifor norske rikspolitikarar ikkje greier å legga ned norske småkommunar, og kvifor nedlegginga av ein vidaregåande skule i Lom var ei av dei mest omtalte politiske sakene i Norge i fjor?

Jo, det handlar om at motsetjingane mellom sentrum og periferi kanskje er den aller mest kraftfulle dimensjonen i norsk politikk.

Derfor var det nesten ikkje til å tru då Arbeidarpartiet plukka ut den noverande partileiinga si.

Jonas frå Oslo, Tonje frå Jessheim, og Jan Christian som har budd i Oslo sidan han var eitt år gammal, vart nemleg plukka ut til å leia partiet som ein fekk gjennombrotet sitt med slagordet «By og land, hand i hand».

Legg til Espen og Jens frå Oslo, som stort sett får det som dei vil, og du har ei maktfordeling som ikkje berre grensar til det komiske, men som faktisk er direkte tragikomisk.

I eit land der geografi er heilt essensielt for folk sine........

© Nettavisen