Nåke heilt aent enn cruiseskipå på Garpaskjær nå for tiå
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Noen tanker fra tiå då Haugesund hadde passasjerbåtar som gjekk te Newcastle i England.
Haugesund har alltid vært ein sjøfartsby og då eg voks opp på 1950- og -60-tallet, va det minst ein sjømann i kvar familie. Enten ein far, onkel eller ein bror og i nåken familiar va kanskje adle tri av dessa på sjøen.
Det va som kjent mest mannfolk som reiste ut på denna tiå, då likestilling mellom kjønnå va nesten fraværande. Detta har heldigvis blitt bedre med årå.
Monge av dei som va på båt i 50-årå var såkalte «krigsseilarar» og hadde hatt New York eller London som himabase då Norge va okkupert i andre verdenskrig. Så òg far min, og der traff og gifta han seg med ei unge engelske jenta i London som jobba i «Bank of England» under krigen, mi mor.
Hu fortalte seinare i livet monge historiar fra den fryktlige bombingå av London som pågjekk neste heile krigen, men hennes familie va heldige og dei blei ikkje ramma der dei bodde.
Under bomberaidå av bydelen City måtte dei ansatte i banken søka dekning i hvelvet. Då tok de med seg, av adle ting, ein regnemaskin laga av tyske Messerschmitt. Detta då det ikkje va........
