Uheldig normalisering av tung narkotika
Med forbehold om at eg ikkje har fulgt godt med på rettsaka mot Marius Borg Høiby, er det likevel ein ting som slår meg. Det er normaliseringa av tung narkotika. Ein influencer er ein person som lagar innhald på sosiale medier, har mange følgere og påvirker kva andre kjøper og gjer. I miljøet rundt Høiby er det tydeleg heilt normalt med stort rusinntak, og kokain især. Kva slags påvirkning er det vi får her? Køyrer dette folket bil? Ikkje Høiby har eg forstått, men kva med dei andre? Det virker som at dei som kjem ut frå vitneboksen her gjerne kunne gått rett på blodprøve eller urinprøve. Sjøl eg som er ein person med eit svært liberalt forhold til det meste, tykkjer dette går over alle støvelskaft. Hadde dette foregått på ein annan plass enn Oslo vest ville det vore ramaskrik. Hadde det vore i Rindal eller Oslo øst ville det medført rassia og arrestasjoner. Vi er smerteleg klar over at det ikkje er likhet for lova, og dette kjem rimeleg klart fram i denne saka. Det levesettet vi får presentert her av dei som skal vera forbilde, er neppe bærekraftig på sikt.
No er sjølve rettsaka overdimensjonert i media på grunn av kven det gjeld, og vi snakkar absolutt om forhåndsdømming. Alle mulege detaljer som skal gravast fram kan da vel neppe ha allmenn interesse, men det er ei anna sak.
