La oss halde fram med å kjempe for arbeidarrettar, demokrati og velferd!
Kameratar Slik som meg, så vaks han Han Olav Oksvik opp på gard på Sunnmøre. Men som dokker veit så brydde han Oksvik også seg om Nordmøre, og Aura-vassdraget vart veldig tidleg ei viktig politisk sak for han. Han var opptatt av energipolitikk og eg er ganske sikker på at han ikkje hadde likt den energipolitikken vi har no. Han hadde nok meint at vi som bur her og som har alt regnet, og vassdraga og fossane, skulle ha billigare straum. Han hadde nok meint at verket skulle vere sikra ein straumpris som gav ein solid konkurransefordel med utlandet, Han hadde vore i mot at det vart eksportert så mykje straum ut av landet. Han Oksvik forstod at det å ha tilgang til RIKELEG OG RIMELEG kraft var avgjerande for at det kunne vere grunnlag for aluminiumsverket her i Sunndal. Så hovudgrunnen til at det står ein statue av han Olav Oksvik her, er at han stod i spissen for prosessen som første til at Sunndalsøra blei ein industristad, med mange arbeidsplassar. Og ei sterk fagrørsle.
Han Oksvik var svært skeptisk til stormaktpolitikk. Han sitt alternativ var det nordiske. Derfor var han skeptisk til NATO, og ville heller ha eit nordisk forsvarsforbund. No har som kjent både Sverige og Finland gått inn i........
