Fleire fagforeiningar jobbar for auking i forskjellar
Fleire fagforeiningar jobbar for auking i forskjellar
Kan ein kalla seg for ein fagforeining om ein ikkje stør opp under prinsipp som solidaritet, likebehandling og arbeidstakarmakt?
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
I frontfaget har ein i årets hovudoppgjer framforhandla ei god ramme på 4,4 prosent. Ein stor del av dette går til tillegg som sikrar alle minst 12.000 kroner i årslønsvekst. I statsoppgjeret, som no står for døra, er det risiko for at ingen av pengane skal gis som ei slik sikring til alle dei tilsette. Det er det merkeleg nok store delar av arbeidstakarsida som kjempar for.
Fleire av fagforeiningane jobbar nemleg ikkje for å sikra at fleirtalet får sin del av kaka. Dei jobbar heller for auking i forskjellar og ei svekking av arbeidstakarane si makt over fordelinga av løn.
Individualisering vil vera eit tapsprosjekt for dei fleste statstilsette.
Akademikerne står fremst som driver av denne auken i forskjellar. Til dømes kan ein sjå dette i eit utspel frå deira tariffkonferanse, gjengjeve i Altinget, kor leiaren i Akademikerne, Lise Lyngsnes Randeberg seier at «Forskjellene er for små i offentlig sektor, rett og slett». Som talspersonar for at 100 prosent av potten skal fordelast i lokale forhandlingar, og at ingenting skal gis som garantert lønsauke til alle arbeidstakarar, er dei marknadens stolte forkjemparar. Med blind tru på eigen fortreffelegheit står dei her i sterk kontrast til meir marknadskritiske tillitsvalte frå fagrørsla.
I staten har Akademikerne nyleg vorte største hovudsamanslutning. Men makta som følgjer med størrelsen, nyttar dei til å kjempa for at det som tidlegare har vore ein litt meir egalitær lønsstruktur (men allereie med store interne forskjellar), skal få like store og urimelege lønsforskjellar som sektorar med svakare fagforeiningsmakt.
Vi trenger en felles front for frontfaget
Kan ein i det heile kalla seg for ein fagforeining om ein ikkje stør opp under prinsipp som solidaritet, likebehandling og arbeidstakarmakt? Ideologisk har Akademikerne plassert seg langt ut på høgre flanke, fjernare frå LO-forbunda enn sjølv arbeidsgjevarsida. Likevel forsøker dei i sosiale medier å framstille seg sjølv som meir solidariske enn dei i røynda er:
På Juristforbundet sin LinkedIn-profil, skriv dei at «sammen med Akademikerne ønsker vi ikke store lønnsforskjeller i samfunnet». Dette er jo klart i strid med det dei sjølv kjempar for når dei går imot eit kvart sentralt, utjamnande tillegg. Her snakkar Juristforbundet med kløyvd tunge, og påstår ting som er det motsette av det dei faktisk kjempar for.
Akademikerne si framstilling av at lokale forhandlingar kan gi like god utjamning og rettferdig lønnsutvikling som sentrale tillegg framstår som naiv. Sentrale tillegg sikrar at alle får noko. Utan desse kan mange risikera null lønsvekst. Ulikskapane veks når arbeidsgjevar får meir makt. Dette veit sjølvsagt Akademikerne godt. Difor må det vera ein reint kynisk vurdering dei gjer: dei satsar på at alle dei som vil tapa på frislepp og makttap stolar på at systemet likevel vil ivareta dei.
Individualisering vil uansett vera eit tapsprosjekt for dei fleste statstilsette, òg blant Akademikerne sine medlemmar.
Inkludering i arbeidslivet risikerer å bli denne vårens taper
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Fleire fagforeiningar jobbar for auking i forskjellar
Fleire fagforeiningar jobbar for auking i forskjellar
Nordområdene: Dette er ikke tomt snakk
Nordområdene: Dette er ikke tomt snakk
Vi trenger en felles front for frontfaget
Vi trenger en felles front for frontfaget
Verdens fattige blir brikkene i stormaktenes sjakkspill
Verdens fattige blir brikkene i stormaktenes sjakkspill
Fusjonsenergi: En glemt mulighet?
Fusjonsenergi: En glemt mulighet?
De bygde landet – nå lar vi dem dø alene
De bygde landet – nå lar vi dem dø alene
Kjønnslemlestede kvinner blir overlatt til seg selv
Kjønnslemlestede kvinner blir overlatt til seg selv
Vi må kunne forvente at folk ikke voldtar
Vi må kunne forvente at folk ikke voldtar
Den halve fortellingen om Latin-Amerika
Den halve fortellingen om Latin-Amerika
Mer offentlig styring løser ikke boligproblemene
Mer offentlig styring løser ikke boligproblemene
