Lyset, lydane og luktene på bedehuset gløymer eg aldri
Sist veke var eg med på noko av det mest allminnelege og samstundes noko av det mest spesielle eg har gjort som journalist. Kollega Tarjei Gilje og eg reiste til bedehuset der eg vaks opp. Der skulle vi spele inn podkast, for første gong sidan huset opna dørene i 1925.
