Norge bør seia ja til Macrons atomparaply
Å klare seg utan storebror
GJESTEKOMMENTAR: Åleinegangen til USA og Israel forsterkar drift mot ei todeling av vesten. Det bryggjer opp til strid om norsk tryggings- og utanrikspolitikk.
Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS
I den fine, vesle boka Hva skjer med verda er statsvitaren og utanrikseksperten Iver B. Neumann ganske treffsikker i analysane sine, vil eg påstå. Boka kom ut sist sommar. Neumann var i ferd med å sette punktum i det USA og Israel slo til mot Iran første gongen i 12-dagarskrigen i juni. Neumann såg for seg også den typen nye angrep som USA og Israel no er i gang med.
Eit hovudpoeng for han er at det nye USA vi ser, ei dominerande stormakt som bruker hard makt for å fremje snevre eigeninteresser, vil vare ved. Det kjem nye «Trumpar». Tryggingsgarantien frå USA har no vorte uklar. Og får ikkje USA viljen sin, risikerer land å verte straffa. Kritikk vert farleg; statsleiarar audmjukar seg sjølv for å blidgjere Trump. For Neumann er konklusjonen klår: «Europa og Norge må klare seg sjølv».
I denne situasjonen kan ikkje land som Norge halde fram som om ingenting har skjedd. Men vi må likevel for alt i verda unngå eit snarleg brot, ifølgje Neumann. Samstundes bør vi arbeide for ei mest mogleg langstrekt,........
