menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Høgrepopulistisk omvelting? Eller krasjlanding for Frp?

20 0
25.05.2026

Vil Frp-oppturen vare?

GJESTEKOMMENTAR: Frp er dobbelt så store som Høgre på tre målingar i mai og får støtte frå over 30 prosent av veljarane. Det same gjeld statsministermålingar: Det er her og no dobbelt så mange veljarar som ønsker Listhaug som statsminister samanlikna med Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide på den siste statsminister-målinga.

Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS

Eit sterkt Frp veit at dei må levere. Dersom Listhaug vert statsminister ved neste stortingsval, med Frp som det klart dominerande partiet i Norge, vil truverdet til Frp vere avhengig av at folk då merkar ein forskjell. Skal vanlege folk få sitje att med mykje meir pengar, vil mange «gode» saker få store kutt.

Men kor sannsynleg er det at Frp-framgangen varer til neste stortingsval? Tre slag utviklingstrekk spelar inn: Konkurransen mellom Høgre og Frp, tidsånda – og kor djupe verdiendringane i samfunnet no er.

Står vi føre ei høgrepopulistisk omvelting? Eller blir det krasjlanding for Frp?

Konkurransen Høgre vs. Frp

Det er Høgre og Frp som er dei store konkurrentane om ikkje-sosialistiske stemmer – når eitt av desse to partia går kraftig fram, er det nesten alltid fordi ein tar mange veljarar frå hovudkonkurrenten. Den siste tida har Frp........

© Aftenbladet