menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Det er hjarteskjerande

21 0
21.05.2026

KOMMENTAR: Foreldra til Emely, som tok sitt eige liv i 2023, 12 år gammal, har gått til sak mot Sola kommune. Dei meiner alvorleg mobbing over fleire år gjorde jenta deira psykisk sjuk. Skulen, på si side, såg aldri det dei vil kalla mobbing.

Solveig G. SandelsonKommentator

«Som pappa har eg tapt uansett», sa Bengt Frantzen i Sør-Rogaland tingrett sist veke. Han og mor, Monica Frantzen, har mista yngstejenta si, Emely.

Dei meiner Sola kommune har svikta. At skulen ikkje trudde på Emely når ho fortalde om mobbing. At tiltaka skulen sette inn for at Emely skulle ha eit trygt og godt skulemiljø, ikkje verka. At skulen etter kvart meinte det var Emely som måtte forandra seg.

«Mamma, eg er usynleg», fortel mor at ho sa, ein morgon dei stod på badet.

Når eit barn slit sånn i skuledagen at mor og far må varsla skulen om det, er skulen si definisjonsmakt enorm. Alltid. Korleis skulen møter det, kva som blir gjort og følgt opp, og måten det blir følgt opp på, har alt å seia for den familien det gjeld.

I saka om Emely er det den gamle paragraf 9A i opplæringslova som gjeld. Skulen har aktivitetsplikt, og den gjeld så lenge eleven ikkje har det trygt og godt. Skulen kan likevel ha gjort det som er rimeleg å forventa, sjølv om ikkje resultatet er slik ein kunne ønska seg det. Tiltaka kan vera gode nok, og fagleg godt forankra, sjølv om tiltaka er annleis enn det foreldre ber om.

Emely hadde språkvanskar. Alt i barnehagen vakte det bekymring. Først på hausten i 2019, i fjerde klasse, fekk ho diagnosen «impressive........

© Aftenbladet