Det aller viktigaste akkurat nå? At barn på kriminelle oppdrag blir tatt
KOMMENTAR: Det aller viktigaste akkurat nå? At politiet klarer å stansa barn på kriminelle oppdrag. At dei blir tatt.
Solveig G. SandelsonKommentator
Når 13-åringar på oppdrag tar med seg handgranatar på bussen, og tanken er å sprenga dei på ei gitt adresse midt i Oslo, når ein 16-åring frå Stavanger bestiller drap frå andre tenåringar frå rommet sitt på ein barnevernsinstitusjon. Når barn kan gå rett frå SFO til grov kriminalitet, via godt kjende meldingstenester på nett. Kva gjer vi då?
Det første er å lytta til erfarne folk på feltet i Sverige. For dette er svenske tilstandar. Sylvi Listhaug (Frp) har hatt rett i det.
Det er grov, organisert kriminalitet som står bak. Der drivkrafta er økonomisk vinning. Der dei kriminelle nettverka, som svenske Foxtrot, kan plukka blant barn på nettet, rekruttera dei med å lova raske pengar og evig brorskap. Ingen av delane stemmer, sjølvsagt. Den erfarne svenske gravejournalisten Diamant Salihu har aldri høyrt om nokon som faktisk har fått dei store pengane, eller opplevd at bilen som skulle ta dei bort, faktisk står og ventar. Nei. Det er bruk og kast.
Og det eskalerer sinnsvakt fort. Ein aksjon fører til ein annan. Eit kidnappingsforsøk blir følgt opp av granatkasting, narkotikagjelda på mange millionar utløyser ein granat til, kasta inn i ein restaurant på Strømmen. Ikkje fordi gjeldsslaven er der, men fordi familie av han er der.
Det der. At det eskalerer så fort. At........
